Du er her://Spelemannslaget Bøheringen
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Spel og dans på Bø Senteret!

Spelemannslaget Bøheringen har i over 80 år vore ein motor for hardingfelemiljøet i Bø. I dag samlar Spelemannslaget Bøheringen meir eller mindre vaksne hardingfelespelarar gjennom ein felles glød for slåttespelet frå Telemark, og da særleg tradisjonen frå Bø. Fleire medlemmer i laget konkurrerer heilt i toppsjiktet på landsbasis, og av nylege utmerkingar kan nemnast Per Anders Buen Garnås sin siger under årets Landskappleik i Trysil no i juni. Spelemannslaget har eit godt samarbeid med kulturskulen i Bø og Bø juniorspelemannslag, to aktørar som er heilt avgjerande for at det gror godt i hardingfelemiljøet i bygda. Under denne konserten vil vi møte både unge og vaksne utøvarar, som vil gi ein smakebit på slåttemusikken frå området vårt. Velkomen til konsert. Ta gjerne med dansesko!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.