Du er her://ARS presenterer: «Woodstock» – smakebit
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Tek Woodstock til Telemark!

I 2018 er det 50 år sidan 1968 og starten på Flower Power-rørsla. Det vart ei verdsrørsle i kunsten der opprør, fred, vinklingar mot lokal identitet og ei førestilling om å stå for noko nytt og banebrytande kom til syne i rørslas musikalske uttrykk. Kjende og kjære utøvarar som Bob Dylan, Townes van Zandt, Joan Baez, Creedence Clearwater Revival, Jefferson Airplane, Janis Joplin, The Band og Jimi Hendrix fusjonerte tradisjonelle folkeviser med eit meir rocka uttrykk – ein tendens som fekk fullt utløp på den legendariske Woodstock-festivalen i 1969.
 
Telemarkfestivalen og Akkerhaugen Rocksamfunn ønskjer difor å bringe Woodstock-stemninga til Telemark med ein eigen konsertproduksjon, der utvalde Telemarks-utøvarar vil tolke og setje sitt eiget Telemark-preg på nokre av dei udødelege artistane og låtane me kjenner frå den tida.
 
Dette vert en smakebit frå hovudkonserten som finn stad i Framstugo i Gullbring Kulturanlegg laurdag 11. august. Publikum vil få høyre kjende og meir ukjende låtar i ny tapning frå Crosby, Stills, Nash & Young, Mountain, Janis Joplin, Joe Cocker, The Who, Joan Baez og mange fleire!
 
Me gler oss til å høyre!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.