Du er her://ARS presenterar: «Kvinner i musikken!
Laster Arrangementer

Ny konsert i regi av Akkerhaugen Rocksamfunn!

Her vil me få høyre den flotte gjengen frå Akkerhaugen sine tolkingar av både kjende og meir ukjende kvinnelege artistar innan folk, country, americana, blues og soul.

I 2018 leverte Akkerhaugen Rocksamfunn eit av høgdepunkta under heile festivalen, og alt ligg til rette for eit nytt høgdepunkt under Telemarkfestivalen 2020!

Medverkande
Utøvarar frå Akkerhaugen Rocksamfunn!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.