Du er her://Ånon Egeland og Mikael Marin
Laster Arrangementer

To nordiske legender

Med nedstemde instrument speler Ånon Egeland og Mikael Marin sørgjelege tonar til å bli glad av! Eit sjeldan flott lydbilete gir tradisjonelle låtar eit nytt liv, med tett samspel mellom hardingfele og bratsj i raffinerte arrangement. Egeland og Marin er musikarar med klare og sterke personlege uttrykk, som utfyllar og forsterkar kvarandre i samspelet. Ånons særeigne tone, ornamentikk og intonasjon får ny musikalsk meining i Marins minimalistiske arrangementsverd.

To musikalske legender møtast og snakkar i lag som dei gamle venene dei er!

Medverkande
Ånon Egeland – hardingfele
Mikael Marin – bratsj

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.