Du er her://9 Grader Nord
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Full fest på 59⁰N og 9⁰Ø med 9 Grader Nord!

9 grader nord for ekvator finn ein byen Jaffna, på øya Sri Lanka, kor halvparten av bandmedlemmane stammer frå. Med instrument som mellom anna bambusfløyte og cajon vil dei ta publikum med på ei musikalsk reise nærare instinkta. Saman speler kvartetten det som på lite rettleiande vis ofte kategoriserast som «verdsmusikk». Sjølv beskriv bandet musikken med adjektiva energisk, mystisk og rytmisk, og klassifiserer musikken som etnisk progressiv. Visjonen er å utfordre publikum sitt musikalske kosthald ved å servere desse framande tonane.

Fredag 10. august lagar dei full fest på 59 grader nord og 9 grader øst – nærare sagt, Bø i Telemark!

 

Obs! Konsertstart ca kl 00:30! 

Medverkande
Mira Thiruchelvam – vokal, fløyte
Dipha Thiruchelvam – vokal, gitar
Jakob Sønnesyn – bass
Jakob Sisselson Hamre – perkusjon

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.