Velkomen til Torgfestivalen – ein festival i festivalen!

I 2015 besøkte om lag 1500 publikummarar og over 30 utstillarar Bø og Telemark-festivalens Torgfestival. No gjentar me suksessen og ønskjer velkomen att til Torgfestivalen!

Telemarkfestivalen skal vere ein festival der også familiar og barn får oppleve og ta del i folkemusikk-tradisjonen. I 2016 vidareførar me difor Torgfestivalen på Bø torg med stor marknad, kurs og aktivitetar for born og unge og mange flotte gratiskonsertar.

 

Alt gratis!

Alle desse tilboda vil ha ein lavterskel-profil og er meint som ein invitasjon til barn, familiar og andre som kanskje elles ikkje er så kjende med folkemusikken frå før. Bø i Telemark er ein stad med lange tradisjonar for folkemusikk og folkedans. Det er viktig at også barn og unge får ta del i disse tradisjonane på eigne premiss. Torgfestivalen under Telemarkfestivalen vil være en slik arena der barn og unge får være med på ein mengde aktivitetar med folkemusikken og folkedansen som bakteppe – heilt gratis! – Torgfestivalen er Telemarkfestivalens gåve til lokalsamfunnet, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld.

 

Gratiskonsertar og aktivitetar

Det vil vere fleire gratiskonsertar frå mellom andre finske Maija Kauhanen, Vågspel frå Sverige og Aletchko Trio med medlemmar frå Israel, Chile og Tyskland. Deltakarar ved sommarkurset UngFOLK vil syne fram kva dei kan, og elevar frå Bø ungdomsskule vil syne fram «HipHalling» – ein koregrafert dans med element frå både hiphop og hallingdans.  Andre aktivitetar for barn og unge vil være eit sirkuskurs, kurs i hallingdans, hoppeslott, ponniridning, klatrevegg og natursti. For fjerde år på rad vil også Roheim-paraden køyre i Bøgata. Roheim-paraden er til minne om spelemannen og AmCar-entusiasten Anund Roheim og er eit populært innslag i ei bygd der både bil og fele står sentralt!

Hallingkurs Foto: Knut Utler

Hallingkurs
Foto: Knut Utler

 

Populær marknad

I 2015 besøkte om lag 1500 publikummarar og over 30 utstillarar Bø og Telemarkfestivalens Torgfestival. I år ventar me over 40 utstillarar som vil fylle torget med mange spennande produkt og varar som ein ikkje får tak i andre stader – alt frå spekemat til samiske smykkar. Her kan ein gjere mange kupp!

Ønskjer du å stille ut dine produkter på Torgfestivalen? Det er framleis ledige plassar. Send ein e-post til marknadssjef Marita: maritavalkeinen@hotmail.com

 

Roheim-parade for Fjerde gong

Meisterspelemannen Anund Roheim frå Bø var også ein bilentusiast som eigenhendig sørgja for at Bø kommune lenge var den kommunen med flest Amcars per innbyggjar. For tredje gong hyllar me Roheimen med ein eigen Roheim-parade der Eagle Car Club visar fram nokre av glisa som Roheim tok med seg over dammen frå «Junaiten» – med ein og annan spelemann som passasjer! Roheim-paraden endar opp ved Gullbring kulturanlegg som ein del av programmet «Musikals og mekanisk».

BIlparade Foto: Knut Utler

Bilparade
Foto: Knut Utler

Program, Torgfestivalen

kl. 11:00 – Torgfestivalen opnar

kl. 11:30 – Maija Kauhanen

kl. 12:30 – Marja Helena Mortensson & Sigrid Jore

kl. 13:15 – «HipHalling»

kl. 13:30 – Aletchko Trio

– Roheim-paraden kjem til Bø torg

kl. 14:30 – Vågspel

kl. 15:15 – UngFOLK

Kl. 16:30 – Marknaden stengjer

 

Velkomen til store og små!

 

128-83mm_annonse_2016-Programfolder-page-001

 

Kommenter innlegget