Torgfestivalen

ein festival i festivalen med aktivitetar, gratiskonsertar og marknad på torget!

I 2016 besøkte om lag 1500 publikummarar og over 30 utstillarar Bø og Telemarkfestivalens Torgfestival. No gjentar me suksessen og ønskjer velkomen att til Torgfestivalen! 

Telemarkfestivalen ser som sitt viktigaste mål å fremme interessa for den levande folkemusikken – også blant barn og unge. Telemarkfestivalen skal vere ein festival der også familiar og barn får oppleve og ta del i folkemusikk-tradisjonen. I 2017 vidareførar me difor Torgfestivalen – ein festival i festivalen på Bø torg med festivallunsj, marknad, kurs og aktivitetar for born og unge og gratiskonsertar. Alle desse tilboda vil ha ein lavterskel-profil og er meint som ein invitasjon til barn, familiar og andre som kanskje elles ikkje er så kjende med folkemusikken frå før. Bø i Telemark er ein stad med lange tradisjonar for folkemusikk og folkedans. Det er viktig at også barn og unge får ta del i disse tradisjonane på eigne premiss. Torgfestivalen under Telemarkfestivalen vil være en slik arena der barn og unge får være med på ein mengde aktivitetar med folkemusikken og folkedansen som bakteppe – heilt gratis! Torgfestivalen vil finne stad laurdag 29. juli mellom kl 11 og kl 16.

Familiedag på torvet. Foto: Stein Hofve

Familiedag på torvet. Foto: Stein Hofve

 

Familiekonsert

Høgdepunktet under Torgfestivalen vil være ein spanande og fullstendig gratis familiekonsert. i tilleg vil det vere fleire mini-konsertar med aktuelle festivalartistar. Ved å ha eit slikt lavterskel-tilbod får barn og barnefamiliar oppleve morosam og god folkemusikk på eigne premiss! Andre aktivitetar for barn og unge vil være eit sirkuskurs og eit kurs i hallingdans. Det er viktig å la barn og unge få oppleve folkemusikk og dans på eigne premisser i kjende og trygge omgjevnader. Dette kan bidra til det viktige arbeidet med å inspirere og rekruttere barn og unge til meir deltaking i folkemusikken.

Hallingkurs Foto: Knut Utler

Hallingkurs
Foto: Knut Utler

 

Roheim-parade

Torgfestivalen vil elles innehalde program som publikum i alle aldrar vil kunne sette pris på, og me håper på eit yrande folkeliv og gode opplevingar! For fjerde år på rad vil Roheim-paraden køyre i Bøgata. Roheim-paraden er til minne om spelemannen og AmCar-entusiasten Anund Roheim og er eit populært innslag i ei bygd der både bil og fele står sentralt!

Amcar parade. Foto: Stein Hofve

Amcar parade. Foto: Stein Hofve

 

Ønskjer du å tinge standplass?

I 2016 besøkte om lag 1500 publikummarar og over 30 utstillarar Bø og Telemarkfestivalens Torgfestival. Me ønskjer å invitere seriøse utstillarar med gode produkt velkomen til Torgfestivalen. Standplassen er gratis og me kan også vere hjelpsame med straumuttak, bord og anna utstyr.

 

Kontakt Marita for meir informasjon og påmelding:

maritavalkeinen@hotmail.com / tlf.: 41 61 13 93

Bilde, Marita