Tone Berge Hansen opnar årets festival!

Telemarks "kulturministar", Tone Berge Hansen, opnar den 27. utgåva av Telemarkfestivalen.

Tradisjonen tro vert festivalen opna med ein eigen opningskonsert torsdag 18. august kl 19:00 i Storsalen i Gullbring kulturanlegg. Opningskonserten gir publikum nokre smakebitar frå festivalprogrammet, og dei musikalske innslaga er som vanleg mange og varierte med både kjende og ukjende utøvarar frå fjern og nær. Konserten vert leia av Audun Rørmark og Eline Nesje – kjend frå gruppa UNIK4.

 

Opnar festivalen

Tone Berge Hansen er årets festivalopnar. Berge Hansen er leiar for hovedutval for kultur i Telemark fylkeskommune, og gruppeleder for Arbeiderpartiet i Fylkestinget. Ho er imponert over det fantastiske kulturlivet som blomstrar i Telemark. – Alle dei menneskane som bruker engasjementet sitt for kulturlivet motiverer meg til å jobbe med kulturpolitikk, seier Berge Hansen som er glad og audmjuk over å få lov til å opne årets utgåve av Telemarkfestivalen i Bø.

 

Konfekteske

Spelemannslaget Bøheringen og Dansarringen opnar som vanleg festen, og Ottar Kåsa framfører årets tingingsslått. Det vert tvillingleik med Knut og Ole Aastad Bråten, og joikaren Marja Helena Mortensson møter kvedaren Sigrid Jore. – Årets opningskonsert vil vere ein festførestilling med både lokale, nasjonale og internasjonale utøvarar, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld.

Marja Helena Mortensson

Marja Helena Mortensson Foto: Knut Utler

 

Lokalt, nasjonalt og internasjonalt

Vidare vert det kraftfull song og kantele-spel frå finske Maija Kauhanen, og kraftfullt vert det òg når Revolver sender sin folkemusikk gjennom eit forsterkaranlegg. Unge og lovande Gjertrud Raftevold Rue, Torjus Westeng Bakken og Anne Tone Tveiten syner fram dansenummeret som førde dei heilt til landsmønstringa i UKM i Trondheim og ungdoms-OL på Lillehammer. Duoen Vågspel har tatt Sverige med storm med sitt energiske spel. No står Noreg for tur! Til sist er det ei glede å seie at den rykande ferske kappleikvinnaren, Margit Myhr, avsluttar opningskonserten med nydeleg song!

Maija_Kauhanen_by_David_Jacob

Maija Kauhanen Foto: David Jacob

 

Plateslepp frå Mattis Kleppen 

Mattis Kleppens kompromisslause tingingsverk frå fjorårets festival har no blitt festa til plata. «El Bokko» sleppast i høve opningskonserten og publikum får dermed eit lite atthøyr frå verket, der møte mellom slåttemusikk fra Telemarkog bluesmusikk fra Vest-Afrika og USA skapte magi. Kleppen har fått seg det same stjernelaget av musikarar som på framføringa av verket i 2015. Fire gonger vinnar av landskappleiken, Ottar Kåsa, på hardingfele. Kenneth Kapstad fra Motorpsycho og Spidergawd på trommer. Kristoffer Lo fra Highasakite på Tuba, gitar etc. Plata kan kjøpast på festivalkontoret i Framstugo under heile festivalen!

Mattis Kleppen - Resjemheia. Foto: Stein Hofve

Mattis Kleppen – Resjemheia. Foto: Stein Hofve

 

Velkomen til opning og festkonsert!

 

Billettar til konserten i sal via Gullbring kulturanlegg. 

Kommenter innlegget