Datoar for Telemarkfestivalen 2017?

Den 27. utgåva av Telemarkfestivalen kunne by på eit særskild og mangfaldig festivalprogram med mange musikalsk høgdepunkt i løpet av helga: frå nydelege og intime konserter på Mariposa kafè og Bø gamle kyrkje, via fengslande danseframsyning i Gullbring til rekorstor marknad og fem fantastiske konsertar på Sandvin på laurdagskvelden.

Vart og vakkert – instenst og medrivande!

Den 27. utgåva av Telemarkfestivalen kunne by på eit særskild mangfaldig festivalprogram med mange musikalske høgdepunkt i løpet av helga: frå nydelege og intime konserter på Mariposa kafè og Bø gamle kyrkje, via ein fengslande danseframsyning med unge utøvarar i Gullbring til rekordstor marknad på Bø torg og fem fantastiske konsertar på Sandvin på laurdagskvelden. Tilbakemeldingane frå publikum og artistar er svært positive, og årets utgåve av festivalen vil gå ned i festivalsoga som ein av dei verkeleg gode. Dei mange og varierte musikalske uttrykka spente frå det vare, vakre og nære til det intense, medrivande og utfordrande!

 

torget amcar-6 s

Foto: Knut Utler

 

Torgfestivalen – ein festival i festivalen

Telemarkfestivalen skal vere ein festival der også familiar og barn får oppleve og ta del i folkemusikk-tradisjonen. I 2016 vidareførte me difor Torgfestivalen – ein festival i festivalen på Bø torg med rekordstor marknad, flotte gratiskonsertar og mange artige aktivitetar for born og unge. Alle desse tilboda var gratis og meint som ein invitasjon til barn, familiar og andre som kanskje elles ikkje er så kjende med folkemusikken frå før. Bø i Telemark er ein stad med lange tradisjonar for folkemusikk og folkedans. Det er viktig at også barn og unge får ta del i disse tradisjonane på eigne premiss. Torgfestivalen under Telemarkfestivalen er ein slik arena der barn og unge får være med på ein mengde aktivitetar med folkemusikken og folkedansen som bakteppe – alt saman heilt gratis! I år besøkte om lag 1500 publikummarar og over 35 utstillarar Bø og Telemarkfestivalens Torgfestival!

 

Folkefest trass regn

Kvelden på Sandvin kan seiast å vere svært vellukka veret tatt i betraktning, og publikum koste seg veldig med fem konsertar med topp kvalitet over heile linja. Her fekk me nær og fin song frå Ingebjørg Bratland, internasjonal virtuositet frå Aletchko Trio, kraftfulle folkeviser frå Aasmund Nordstoga, Sigrid Moldestad og Sver, festmusikk på Bø-mål frå Ugras – og ikkje minst spinnvill «rockgrass» frå Hayseed Dixie som fekk publikum til å miste alle hemningar! Diverre regna det til dels kraftig heile kvelden, noko som det er legitimt å seie at hadde ein negativ innverknad på billettsalet. Folkefesten på Sandvin er heilt avgjørande for festivalen i kraft av at inntektene herifrå på mange måtar finansierer alle dei mindre og flotte arrangementa i løpet av festivalhelga.  Eit gamalt «visdomsord» i festival-bransjen seier at ein ikkje kan budsjettere med regnvèr. Det har heller ikkje Telemarkfestivalen gjort. Festivalen styrer difor mot eit kjedeleg underskot for 2016. Fram mot neste års festival vil me likevel ta grep for å gjere festivalen mindre avhengig av godvèr.

sandvin hayseed dixie regn s

Foto: Knut Utler

 

Telemarkfestivalen 2017

I forkant av 2016-festivalen valde me å flytte festivalen med to veker som følgje av datokrasj med nærliggande festivalar på Notodden og Gvarv. Telemarkfestivalen ønskte ikkje ein situasjon der me kolliderte med nokon av desse festivalane. Me vil nemleg at publikum i Telemark og omegn skal ha høve til å både oppleve sjelfull blues på Notodden, spenstig pop og rock i Gvarv og spanande tilnærmingar til folkemusikken i Bø – utan å måtte kjenne på valets kvalar. Årets festival fann difor stad to veker seinare enn i 2015 – mellom 18. og 21. august, og parallelt med opningsveka for studentane i Bø. I samarbeid med Kroa i Bø hadde me eit eiget konsertarrangement spesielt retta mot studentane. Diverre slo ikkje dette ut som me ønskte oss, og det har vore liten interesse for festivalen å spore frå studentane.

Me har også fått tilbakemeldingar og signaler frå andre hald om at årets datoar ikkje vart spesielt vellykka. Med tanke på neste års festival ønskjer Telemarkfestivalen å leggje seg til 28. – 30. juli. Det vil då vere samstundes som Seljord Countryfestival, men me vurderer det slik at våre to festivalar har to relativt forskjellige målgrupper, og at det vil vere rom for å arrangere begge festivalane denne helga.

 

 

Me vil gjerne takke alle artistar, publikum og alle dei frivillige som har bidratt til å lage ein veldig fin festival! 

 

Sandvin åse og Solfrid 333

Foto: Øystein Akselberg

 

Kommenter innlegget