Strålande kritikkar for Meg og kammeraten min!

Pressa slår om seg med høge terningkast etter utgjevinga «Det er ikke bra før det er dårlig» av Meg og kammeraten min, og samanliknar dei med legendariske Knutsen og Ludvigsen

Duoen har reist rundt på bornehagar og skular i seks år og fått strålande mottaking av ungar over heile landet. I dag kom altså plata «det er ikke bra førdet er dårlig» ut med platelsepp på MiniØya i morgon, og forventningane våre til familiekonserten på Telemarkfestivalen er ikkje mindre etter at terningkasta byrja å rulle inn.

Aftenposten: Terning 5:
Hvem har ikke fabulert om fingeren som forsvant i nesen min? Vel, kanskje ikke alle, men det er et bilde vi kan forholde oss til. I hvert fall i selskap med kameratene Martin og Håkon. En ny barneklassiker.
(Svein Andersen, Aftenposten)

Firdaposten: Terning 5:
Dette er ei veldig bra plate. Men sidan det ikkje er bra før det er dårleg, får eg seie at dette er dritdårleg.

Martin Hagfors og Håkon Gebhardt er kjende frå grupper som HGH, Home Groan og ikkje minst Motorpsycho, men syner altså fram nye sider ved å gjeva ut barneplate. Me gler oss til å høyre om brørne (?) og livet deira på morsgarden med våte sokkar, rotter, søppel og stinkande ost som universelle tema på Gullbring fredag 20.07!

Kommenter innlegget