Skattar frå arkivet #1: Einar Løndal, Lars Skjervheim, Hans W. Brimi og Olav Øyaland

Frå dag éin har Telemarkfestivalen lagt vekk på å presentere solospel på fele og hardingfele, og naturleg nok har det vore mest hardingfele i og med at Bø ligg i eit typisk hardingfeledistrikt. Men alt andre året blei det arrangert ein konsert der fire spelemenn møttest, tre på hardingfele og ein på vanleg fele.

Tittelen på konserten var ”Møt gamlekarane” og gjekk føre seg på det intime lokalet Sandvoll, like over vegen frå Sandvin ungdomshus. Dei fire ’gamlekarane’ som deltok var telemarkingane Olav Øyaland (f .1922)  frå Tinn og Einar Løndal (1914-2006) frå Tuddal, vidare Lars Skjervheim (1915-2003) frå Voss og Hans W. Brimi (1917-1998) frå Lom, den einaste med vanleg fele i laget. Alle desse fire har vunne Landskappleiken, slik at det var eit stjernelag som sto fram på scenen på Sandvoll denne kvelden. Det var elles fysste året festivalen tok i bruk dette lokalet.

Det var òg fyrste gong desse fire opptredde i same konsert, og ideen var sjølvsagt ikkje at dei skulle spele i lag, men at dei skulle stå fram éin og éin som dei solospelemenn dei var mest kjende for. Ofte sette festivalen saman to og to spelemenn på denne måten, men denne gongen altså fire stykke. Å rette fokus på ”gamlekarane” var i tråd med festivalens ideologi om å la den tradisjonelle folkemusikken og tradisjonsberarane få ein brei plass på festivalprogrammet.

F.v. Hans W. Brimi, Olav Øyaland, Lars Skjervheim og Einar Løndal Foto: Hallgrim Øistad

Den eldste i laget var Einar Løndal, han står i ein sterk familietradisjon frå Tuddal, Løndalsspelet blir det gjerne kalla. Han var den siste attlevande av dei tre brørne Løndal, som alle var toppspelemenn, dei to andre var Ketil og Olav. Faren Svein Løndal var òg ein kjend tradisjonsberar på hardingfele.

Einar Løndal – «Håvard-gangar»

 

Olav Øyaland, som lever enno, fører vidare det kjende Dahle-spelet med gamal tonalitet som eit særskild kjenneteikn. Han hadde Johannes Dahle som sin fremste læremeister og forvalta eit stort slåtterepertoar frå Tinn, eit repertoar som han velviljug har dela med seg til yngre spelemenn.

Olav Øyaland – «Moguten»

 

Lars Skjervheim, som truleg var i Bø for fyrste gong, i alle fall i nyare tid, kjem frå Voss, men budde mange år i Sogn. På sine eldre dagar flytte han tilbake til heimbygda Myrkdalen på Voss. Han står i ein sterk spelemannstradisjon etter blant andre sambygdingen Sjur Helgeland. Lars gjorde seg sterkt gjeldande som slåttekomponist på sine eldre dagar, slåttar som har blitt teke i bruk av fleire spelemenn.

Lars Skjervheim – «Syndebukken»

 

Hans W. Brimi  oppnådde å bli ei levande legende, han var kjend som ein uvanleg god formidlar av Ottadalsmusikken, og ein brubyggjar mellom hardingfele- og feledistrikt. Og som Skjervheim utvikla han seg til å bli ein stor slåttekomponist. Han var òg kjent for sitt mangårige turneliv med Rikskonsertane, ikkje minst barnehagekonsertar.

Hans W. Brimi – «Nordavinden»

 

Konserten på Sandvoll blei godt besøkt og dei fire møtte eit entusiastisk publikum som visste vel å setje pris på dei ulike slåttetradisjonane. Fleire av spelemennene kom tilbake til festivalen på andre type konsertar seinare, blant andre Hans W. Brimi som gjesta festivalen alt året etterpå og Olav Øyaland som sto for Borgjakonserten  i 1996.

Tekst: Kjell Bitustøyl 

I serien «Skattar frå arkivet» vil Telemarkfestivalen samarbeid med Folkemusikkarkivet Telemark ta eit dykk i arkivet og presentere utvalde opptak frå tidlegare utgåver av festivalen. Me trur det er mange som vil bli glade for å høyre opptaka – anten ein var der under sjølve konserten eller om ein høyrer dei for fyrste gong. Opptaka har som formål å spegle mangfaldet av utøvarar og uttrykk som har vore i programmet til Telemarkfestivalen sidan starten i 1990.

 

 

Kommenter innlegget