Ottar Kåsa vann for andre gong på rad!

Felemakaren og spelemannen Ottar Kåsa, som bur i Bø men representerer spelemannslaget Falkeriset, gjorde reint bord under landskappleiken på Otta i helga. Etter at han hadde plateslepp for debutskiva si fredag ettermiddag fekk han greie på at han vann hardingfele klasse A, framføre Jan Beitohaugen Granli og Per Anders Buen Garnås som fylgde på plassane etter. Ottar avgjorde dysten med ein heidundrande versjon av Knut Buens komposisjon «Hallingrosa», framførd så taket nærmast letta i Ottahallen. I tillegg til å vinne spelet vann Ottar også feleutstillinga på landskappleiken, me har altså noregs beste felemakar og felespelar i Bø for tida!

Dei to andre Bøheringane Per Anders Buen Garnås og Torgeir Straand gjorde det også svært bra med tredje og sjuende plass i det svært sterke feltet, me gratulerer alle tre med flott innsats!

Kommenter innlegget