Ottar Kåsa vann for andre gong på rad!

Bøheringar gjorde det svært bra på årets landskappleik med fyrste, tredje og sjuende plass i A-klassa i hardingfeleklassa! I tillegg til å vinne spelet vann Ottar Kåsa også feleutstillinga på Otta!

Bombino kjem til Bø!

Bombino, eller Omara Moctar som han eigentleg heiter, er frå Agadez i Niger og har alt fått kultstatus som gitarist innanfor Saharabluesen. Han og bandet høyrer til den same musikktradisjonen som Tinariwen, altså Tuaregfolket, og kjem til Bø i juil med musikk inspirert av heile Vest-Afrika.

Festivalpass til 500 kr!

For å feire sommaren, nye heimesider og fuglekvitter, sel me 100 festivalpass til 500 kr + billettavgift! Kaup billett i dag, sprett champagnen og gjer deg klar til Telemarkfestivalen 2012…