Kurs på Telemarkfestivalen!

I år har kan me tilby to spanande kurs under Telemarkfestivalen: eit kvedarkrus med kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås og eit kurs der ein kan lære seg å spele på det artige instrumentet neverlapp med svenske Jan Lundström.

Billettar i sal no!

No er festivalpass, dagspass og billettar til LaurdagsFOLK lagt ut for sal via nettstaden til Gullbring kulturhus. Billettar kan du også kjøpe over disk på same stad.

3x britisk: Seán Keane, Matthew & the Atlas og Breabach

Me klaskar lankane saman og seier 3×3 hurra for 3x britisk til Telemarkfestivalen. Dei tre artistane har ikkje så mykje til felles – anna enn at dei alle kjem frå dei britiske øyer. Ein prisvinnande skotsk gruppe, ein irsk ringrev og ven av festivalen og eit framstormande engelsk folk-band.

ÅTTE GODE GRUNNAR TIL Å KJØPE FESTIVALPASS

Om ein skaffar seg festivalpass til Telemarkfestivalen kan du også nyte godt av gode tilbod og rabattar på overnatting, eting og opplevinger i Bø og omegn under festivalen. Telemarkfestivalen samarbeider nært med aktørar i området for å kunne gje publikum og tilreisande ei meir heilskapleg festivalhelg!

Grenselaust: Snowflake Trio, The Nordic Fiddler’s Bloc og Erlend Viken Trio

Folkemusikken har ingen tydeleg definerte grensar; musikken oppstår der folk er i lag. Snowflake Trio, The Nordic Fiddler’s Bloc og Erlend Viken Trio er tre gode døme på musikk som flyt over grensene og skapar noko heilt unikt! Dei tre trioane har forskjellige tilnærmingar til folkemusikken, men det dei alle har til felles er at dei kjem til årets utgåve av Telemarkfestivalen.

Lady Moscow + Monsieur Doumani = ein heftig musikalsk romanse

Lady Moscow og Monsieur Doumani kjem til Telemarkfestivalen 2014. Lady Moscow kjem frå Noreg, men det gjer ikkje musikken. Monsieur Doumani kjem frå Kypros – ei musikalsk oase i Middelhavet. Saman er desse to dynamitt og byd publikum på musikk og universell kjærleik som vil vare livet ut.

Jon Elling Buen Garnås’ minnefond

I desse dagar overførar Telemarkfestivalen 42 900 kr til Jon Elling Buen Garnås’ minnefond. Minnefondet skal hjelpe vanskelegstilte barn og unge i Bø.

Artistpåmelding til Sørveiv 2013!

Sørveiv – Sørnorsk musikkbransjetreff arrangeres for tredje år 1. og 2. november 2013 i Kristiansand. Idéen er å samle musikkbransjen i Agder og Telemark til en helg fylt med nettverksbygging, kunnskapsformidling og fantastiske konserter med kommende stjerner.

Velkommen igjen 7. – 10. august 2014!

Det har gått èn måned siden fantastiske Väsen stod på scenen på Skogen gård, og vi kan se tilbake på en Telemarkfestival som var fylt til randen med store musikalske opplevelser!

Delta i undersøkelse

Har du vært på Telemarkfestivalen i år vil vi gjerne ha dine tilbakemeldinger på hvordan du har opplevd det, slik at vi kan bli enda bedre.