Lørdagen i bilder

Våre festivalfotografer er Knut Utler, Øystein Akselberg og Stein Hofve.

Fredagen i bilder

Se bilder fra fredagens konserter her. Alle bilder er tatt av Knut Utler, Øystein Akselberg og Stein Hofve.

Telemarkfestivalen er i gang!

Festivalstemningen er allerede nådd allsangnivå! En fullpakket torsdag med konserter for noen og en hver. Åpningskonserten med sine mange smakebiter og kveldskonserter på flere stemningsfulle scener. Varden kalte det en «fargerik åpning av festivalen».

Torsdagen i bilder

Våre fotografer fanger festivalstemning og øyeblikk i bildene sine. Se bilder fra festivaltorsdagen her.

Kjøp billettar på førehand!

No er det kun ei veke igjen til den 26. utgåva av Telemarkfestivalen brakar laus! Gjer det som mange andre allereie har gjort – å kjøpe seg billettar til festivalen på førehand. Det har nemleg sine fordelar!

Flotte gratiskonsertar i sentrum!

I løpet av festivalhelga vil det vere fleire gratiskonsertar i Bø sentrum. Få med deg flotte konsertar med den amerikanske trubaduren Vincent Cross, det irske festbandet Tupelo, det og unge og lovande bandet Ruby Red & the Moonshine Brothers – og ikkje minst familiekonserten med Igor Dunderovic og Fettere. Og du, sjå opp for buskspel!

Velkomen til Telemarkfestivalen 2015!

Velkomen til Telemark, velkomen til Bø og velkomen til Telemarkfestivalen! I 26 år har Telemarkfestivalen vore ein arena for mangfaldig og livskraftig folkemusikk frå heile verda. Me er stolte av å kunne by på ein festival litt utanom det vanlege – ein festival som gir deg unike konsertopplevingar i idylliske omgjevnader.

Hurra for programslepp!

Me vil ønskje hjarteleg velkommen til slepp av det fullstendige programmet for Telemarkfestivalen 2015!

Hyllestkonsert til Tarjei Romtveit!

Telemarkfestivalen og Norsk Hardingfelesenter går saman om å skipe til ein festkonsert til ære for Vinje-spelemannen Tarjei Romtveit. Frå scenen vil det vere musikalske innslag og helsingar frå familie og vener.

Dansens dag på Telemarkfestivalen!

Fredag 7. august kan seies å vere folkedansens dag under årets utgåve av Telemarkfestivalen. Med dansekurs, ei spektakulær danseførestilling og festivaldans vil dette vere ein festdag med folkedansen i sentrum.

Mattis Kleppen med årets bestillingsverk!

Det er bøheringen Mattis Kleppen som i lag med eit knippe svært habile musikarar skal framføre årets bestillingsverk. Bestillingsverket vert ein del av ein konsertkveld på Kroa i Bø der også den nye, samiske gruppa Arvvas og 10-årsjubilant Valkyrien Allstars skal spele konsertar.

Folkefest på Sandvin!

Den 26. utgåva av Telemarkfestivalen har fått sine første namn på plakaten: Sigrid Moldestad med band, irske Tupelo, Ni Liv med gjestar, Ruby Red & the Moonshine Brothers og ikkje minst – Byting, vil sørgje for ein real folkefest på Sandvin i Bø laurdag 8. august!

Planlegg tidenes folkemusikkfest!

Festivalleiinga kan sjå tilbake på ein flott markering av 25-årsjubileumet for Telemarkfestivalen i 2014. I det storstilte jubileumsprogrammet kunne ein finne eit mangfald av lokale, nasjonale og internasjonale utøvarar innanfor folkemusikk, og høgdepunkta kom som perlar på ei snor. Trass i ein vellukka kunstnarisk gjennomføring gjekk festivalen likevel i underskot i 2014.

Stiftelsen Telemarkfestivalens årsmøte

Stiftelsen Telemarkfestivalens årsmøte vil finne stad på Kåvån på Gullbring kulturanlegg onsdag 28. januar kl 18:00. Årsmøtet handsamar årsrekneskapen og årsmeldinga for 2014 og eit forslag til budsjett for 2015. Det skal også velgjast inn nye medlemmar til styret. Det vert enkel servering. Velkomen!