Kurs på Telemarkfestivalen!

Lære deg å kvede, spele hardingfele eller kanskje å danse teledans? Sjekk ut årets kursprogram!

KVEDARKURS MED Anne Gravir Klykken

Anne Gravir Klykken frå Skien er ein kvedar med stort repertoar av stubbar, viser, stev, balladar, bånsullar og slåttestev frå Telemark. Ho har sin musikkutdanning frå Høgskulen i Oslo, Universitetet i Agder og Høgskulen i Telemark , institutt for folkekultur på Rauland. Gravir Klykken har gjeve ut to soloplater: Husk opp i ring» (2000) og «Jeg har vel ingen kjærere» (2012). Ho har òg vore med på ei rekke prosjekt dei siste tjue åra og samarbeida med mellom andre: Ingebjørg Harman Bratland, Aasmund Nordstoga, Tre Sopranos, Mattis Kleppen, Sigmund Groven og Knut Buen for å nemne nokon.  – Kvedarkurset passar for folk i alle aldrar – enten du har sunge mykje før eller har nett begynt med kveding. Kurset vert ein uhøgtideleg samling der me snakkar om kveding, stiltrekk og historie, og sjølvsagt skal synge oss gjennom stubbar, viser, stev, balladar, bånsullar og slåttestev frå Telemark.

Kun 15 plassar!

Laurdag 29. juli 2017, 

Bø hotell, kl 11:00 – 16:00 

600,- (inkl. lunsjbuffet) 

 

Foto: Karen Marie Fostad

 

HardingfeleKURS MED Ottar kåsa

I relativt ung alder er Ottar Kåsa ein av dei mest markante spelemenn me har. Kåsa har gjeve ut to kritikarroste soloplater med hardingfele, «Ottar Kåsa» i 2012 og «Kjoskrullen» i 2016, som han vann både Spelemann og Folkelarm-prisar for. Kåsa er òg vinnar av landskappleiken heile fire av seks moglege gonger sidan 2011. Han er ein aktiv og ettertrakta spelemann som deltek på konsertar og held kurs. På kurset i hardingfelespel på Telemarkfestivalen vil deltakarane kunne forvente seg ei innføring i slåttar frå ulike delar av Telemark, samt personlig oppfølging med tips til forbetringar om nokon skulle ønskje det. – Eg kjem ikkje til å slå nokon over fingrane om dei ikkje får det til, seier kursinstruktøren med glimt i auget!

Obs! Kursdeltakarane tek med seg eigne hardingfeler.

Kun 15 plassar.

Laurdag 29. juli 2017, 

Bø hotell, kl 11:00 – 16:00 

600,- (inkl. lunsjbuffet

 

KURS I TELEDANS 

Kanskje du tidlegare har dansa telespringar eller telegangar, og gløymd nokre tak eller turar? Og korleis var no den springartakta att? Dette kurset er for deg som dansar eller som har prøva å danse teledans før, og som ønskjer å friske opp kunnskapane eller lære enda meir, Kurshaldarar er Hege Johnrud og Sigbjørn Rua frå Jondalen. Dei tevlar båe i eliteklassa på kappleikar, og har mange gode plasseringar bak seg.

Kun 15 par. 

Laurdag 29. juli 2017, 

Bø hotell, kl 11:00 – 16:00 

600,- (inkl. lunsjbuffet

 

Foto: Knut Utler

 

Påmelding

Påmelding med namn, telefonnummer, e-postadresse og postadresse sendast til:

post@telemarkfestivalen.no

Kursverksemda på Telemarkfestivalen er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans og Norsk Musikkråd via KOMP.

ME TAKKAR! 

Kommenter innlegget