Soloalbumet til Jon Anders er sendt til trykking!! På «Komme no heim» syng han stev og viser frå Midt-Telemark og Øvre-Telemark. Dei fleste songane heilt åleine, utan instrument inntil der fleire av songane er no dokumenterte for fyrste gong på plate. Stubbar, viser og stev utgjer ein fin blanding av melankoli og glede som me alle gler oss til å høyre frå kvedaren frå Lunde. På eit par av spora spelar Daniel Sandén-Warg, Anders E. Røine og Silje Hegg, m.a. hardingfele, langeleik og fløyte.
Mange av visene og stubbane har Jon Anders lært av eldre kvedarvener som Olav Haugen, Anlaug Langseth, Malla Soterud, Olav Stuverud, Hagny Huso og Tarjei Auverseker. I tillegg trallar han slåttar og slåttestev etter Talleiv Røysland, Aslak Brekke og Kjell Midtgaard.
Jon Anders Halvorsen har tidlegare vore med i vokalgruppa Dvergmål og utgjorde duoen Bruvoll/Halvorsen saman med «spelemenn syng» aktuelle Tore Bruvoll. Han har også samarbeidd med Ingvill Marit Buen Garnås som vart til plata «Gåtesong», har vunne landskappleiken i kveding og er ein av våre fremste formidlarar av vokal folkemusikk.,
Velkomne på plateslepp på Skogen Gård fredag 20.07