Gro Marie Svidal og Ottar Kåsa møtast i årets Borgjakonsert

Ottar Kåsa frå Arabygdi i Telemark og Gro Marie Svidal frå Jølster i Sogn og Fjordane møtast i den tradisjonsrike Borgjakonserten under årets utgåve av Telemarkfestivalen.

 

Borgjakonserten er ein av dei mest tradisjonsrike konsertane me har på Telemarkfestivalen, og han har vore med oss heilt sidan 1993. Borgjakonserten har sidan den gong etablert seg som ein eksklusiv del av festivalen – reservert dei mest akta hardingfeleutøvarane i landet.

 

Aust møtar vest

Årets utgåve av Borgjakonserten vil bli halde av Ottar Kåsa – opphavleg frå Arabygdi i Telemark, og Gro Marie Svidal frå Jølster i Sogn og Fjordane. Dei har båe markert seg som to av våre aller fremste utøvarar på hardingfele, og dei har delt den gjevaste plasseringa på Landskappleiken seg i mellom dei fire av dei fem siste åra. Det vert eit spanande møte mellom to sterke spelemenn, mellom to sterke tradisjonar, mellom aust og vest – mellom Ottar Kåsa og Gro Marie Svidal!

 

Å finne seg sjølv i spelet
Ottar Kåsa frå Arabygdi i Telemark har vunne Landskappleiken i hardingfele klasse A heile tre gonger. Han debuterte med soloplata «Ottar Kåsa» i 2012, ei utgjeving som vann Folkelarmpris for beste soloplate og Spelemannsprisen i kategorien folkemusikk/tradisjonsmusikk! Kåsa er aktuell med ei plate som fokuserer på spelemannen Jon Kjos (1756-1826) som er av dei absolutt fyrste storspelemenn me kjenner frå Telemark. – Å ”finne seg sjølv” i slåttespelet kan vera vanskeleg og kronglete, men her ligg for meg mykje av meininga i det å vera spelemann. Gjennom å høyre ulike spelemenn vil det som skaper gjenklang i ein sjølv koma fram att i eiga fele, og etterlikning vil etter kvart kunne bli til personleg særpreg. Dette har for meg vore både vegen og målet; å finne ”mitt eige” spel, og den vegen går alltid vidare, seier Kåsa.
Virtuos spelemann
”Eilov” er tittelen på Gro Marie Svidal si andre soloplate. Her møter ho deg aleine med eit knippe slåttar ho har arva. Nokre slåttar er svært gamle. Dei har vorte utvikla og finslipte i generasjonar. Andre er kome til i nyare tid med slektskap i dei gamle. Gro Marie vert karakterisert som ein virtuos utøvar med ein distinkt tone der spelet fløymer av musikalsk overskot. Meistrane Håkon Høgemo og Sigmund Eikås har synt ho vegen inn i det mangfaldige hardingfelerepertoaret hovudsakleg frå Sogn og Fjordane og Hordaland.  Svidal vart Noregsmeister på hardingfele i 2014 og er regjerande vestlandsmeister.

 

«Stilt trør kvinner i sørgedans»

Margit Myhr er aktuell med framsyninga «Stilt trør kvinner i sørgedans». Det er ei framsyning om tre kvinner frå tre ulike hundreår og forteljingane om deira liv og lagnad:

«I 1349 stengde ein far einaste dottera inne i stabbursloftet på garden. Slik skulle ho overleve svartedauden. I 1733 vart Liv Engebretsdotter avretta i Hallingdal, dømd for å ha teke livet av sitt nyfødde born. I 1861 emigrerte Gro Gudmundsrud 20 år gamal til Amerika for å kunne leve med mannen ho elska.»

Margit Myhr formidlar historier om kvinner som stod åleine med ei maktesløyse det kan vere vanskeleg å setje seg inn i. På kvart sitt vis var dei tvungne til å bryte opp frå alt det vante og kjære og stå einsame i verda. Korleis tenkte dei og kva drøymde dei om? Framsyninga finn stad i stemningsfulle Bø gamle kyrkje.

Margit Myhr

Margit Myhr

 

«Kvar song ei soge» 

 Årets festival avsluttast med ei framsyning av filmen «Kvar Song Ei Soge». Opp gjennom hundreåra har den munnlege songtradisjonen, eller kvedinga, hatt ein viktig plass i norsk kultur. – Dette er ein film om dei som syng, som set pris på og fører vidare desse songane den dag i dag, seier regissør Aslaug Vaa.

 

«..om det å høyre til, reise bort og å lengte heim..»

Filmen tek sitt utgangspunkt i folket som bur rundt Møsvatn i Telemark. Med songen dei folk, meiningsfulle forteljingar i og om liva sine. Songane bind saman fortid og framtid, minne og forventningar. Filmen handlar om å ta vare på ein eldgamal tradisjon og å utvikle han vidare, seier Vaa. Varmt og nært, muntert og sorgfullt blir det i «Kvar song ei soge» fortalt om det å høyre til, reise bort og å lengte heim – om si eiga folketone. Filmen har fått strålande kritikkar og omtalast som ein særskild kjenslesterk filmoppleving.

 

Folketonar

Me har alle ei folketone i oss, som igjen er ein del av folkesjela. Folketona er ein del av kulturarva og representerer ein vidareføring av det kjære og familiære gjennom generasjonar, seier Vaa. I samband med filmen har ho oppretta eit forum på Facebook, der ein kan få presentert si eiga folketone, og det har kome mange flotte bidrag. Ingebjørg Reinholdt Lognvik, Sondre Bratland og Ingvill Marit Buen Garnås vil framføre sine utvalde folketonar i forkant av framsyninga i Bø, medan Åsulv Edland og  Aaslaug Vaa vil samtale om filmen. «Kvar song ei soge» vart nyleg nominert til Amanda-prisen i kategorien «beste dokumentar».

 

Kvar song ei soge_2

«Kvar song ei soge»

Klikk her for å sjå trailer for filmen. (Krevjer Facebook)

Klikk her for å høyre fleire folketonar frå prosjektet «Min folketone»! (Krevjer Facebook)

 

 

Billettar i sal no via

Gullbring kulturanlegg! 

Kommenter innlegget