Fy fela for ein festival me får i august!

I 27 år har Telemarkfestivalen vore ein arena for mangfaldig og livskraftig folkemusikk frå heile verda. Me er stolte av å kunne by på ein festival litt utanom det vanlege – ein festival som gir deg unike konsertopplevingar i idylliske omgjevnader.

Telemarkfestivalen er ein arena for all folkemusikk; den folkelege, den tradisjonelle og den nyskapande. Tilbodet spenner frå det vare, vakre og nære til det intense, medrivande og utfordrande. Årets festivalprogram vil gi ei unik samling av inntrykk og uttrykk helga i gjennom, og me gleder oss til å dele årets festival med deg!

 

Onsdag 17. august vert det festivalfråspark med framsyning av stumfilmen «Kristine Valdresdatter» frå 1930 med levande tonefølgje frå musikarane Anders Røine, Marit Karlberg, Hans Hulbækmo og Magnus Nergaard i kinosalen i Gullbring kulturhus.

 

Torsdag 18. august vert det tradisjonell opningskonsert med spanande og mangfaldige innslag frå mellom andre Ottar Kåsa, Knut og Ole Aastad Bråten, Marja Helena Mortensson og Sigrid Jore, Maija Kauhanen, Revolver, Vågspel og Mattis Kleppen. Kvelden fortset på Bø hotell med dobbeltkonsert med Aastad Bråten og Mortensson, Buljo og Kleppen. 

Marja Helena Mortensson

Marja Helena Mortensson Foto: Knut Utler

 

Fredag 19. august  vert ein innhaldsrik dag: Bygda Dansar Telemark syner fram si tolking av soga om Guro Heddelid – «Mørkt er her endå i dalen» i Gullbring kulturhus. Bygda Dansar Telemark, eller Tiljetakt som dei kallar seg, består av 27 talentfulle ungdommar frå Tinn, Gransherad, Seljord og Bamble. Vidare vert «Rosemåla» stændøpp med Knut Buen og Styrk Trondsen på Bø hotell. «Rosemåla» er fanitull, tøys og alvor frå to karar med kjærleik til bygde-Telemark!

tiljetakt

Tiljetakt – Bygda Danser Telemark Foto: Knut Utler

 

Komponisten Martin Ødegaard syner fram tingingsverket «Vegen» i Bø kyrkje. Verket vil ha sitt utspring i tekstar av Tarjei Vesaas, og dreier rundt det å flytte seg; i tid og rom, i tanken og drømmen – til konkret fysisk bevegelse. Aasmund Nordstoga, Liv Ulvik, Vegar Vårdal og Andreu Jacob medverkar. Kvelden kan avsluttast med anten ein spennande konsertkveld på Kroa i Bø med Revolver, Monica Heldal og Atlanter som artistar, eller folkemusikkPUB med Ugras, dans og jam på Fjoset.

monicaheldal3 - bjørn opsahl

Monica Heldal

 

Laurdag 20. august startar med Torgfestivalen – ein festival i festivalen. Det vil vere marknad, gratiskonsertar, Roheim-parade og artige aktivitetar for store og små. Barna kan mellom anna delta på sirkuskurs, hallingdans for mini-dansarar, natursti og ri på ponniar! På ettermiddagen vert det fokus på mekaniske spelemenn i programmet «Musikalsk og mekanisk»! Dei som likar Flåklypa, kjem til å like dette programmet, då det vert ei rad av morosame døme, slåttar og historier knytt til mekanikk og folkemusikk! Programleiar er Torgeir StraandDagen avsluttast med ein storveis festkveld med fem band på Sandvin: Ingebjørg Bratland, Aletchko Trio, Sigrid Moldestad og Aasmund Nordstoga med Sver, Ugras – og ikkje minst Hayseed Dixie!

Ingebjørg Bratland

Ingebjørg Bratland

 

Sundag 21. august syner Margit Myhr fram «Stilt trør kvinner i sørgedans» i Bø gamle kyrkje – ei framsyning om tre kvinner frå tre ulike hundreår og forteljingane om deira liv og lagnad. Vidare møtast aust og vest i årets Borgjakonsert. Meistrane Ottar Kåsa og Gro Marie Svidal held den tradisjonsrike konserten i lag. Telemarkfestivalen 2016 vert avslutta med ei framsyning av filmen «Kvar song ei soge» i kinosalen i Gullbring kulturhus. Ellen B. Nordstoga, Sondre Bratland og Ingvill Marit Buen Garnås vil framføre sine utvalde folketonar i forkant av visninga, og Åsulv Edland vil samtale med regissør Aaslaug Vaa om filmen.

svidal kåsa fanitull-2

Gro Marie Svidal og Ottar Kåsa Foto: Knut Utler

 

I alt vil det være 34 arrangement med om lag

150 internasjonale, nasjonale og lokale utøvarar på festivalen!

sh_tf16-program_01-bakside-web

 

 

Billettar i sal no via Gullbring kulturanlegg! 

 

 

Velkomen til Telemarkfestivalen 2016!

 

 

128-83mm_annonse_2016-Programfolder-page-001

Kommenter innlegget