Daniel Kvammen til Telemarkfestivalen!

Daniel Kvammen er klar for årets utgåve av Telemarkfestivalen. Fredag 19. august står han på scenen på Kroa i Bø i lag med Monica Heldal og Atlanter.

Kometkarriere

Kvammen heldt ein av sine aller første konsertar på Kroa i Bø i 2013. Då fekk han prøve seg på storscena i samband med konsertkonseptet «Lausgrus», der meir eller mindre ukjende band og artistar fekk vise kva dei kunne ovanfor eit som oftast lite, men svært musikkinteressert publikum. Når han no vender attende tre år seinare er det som ein av landets mest populære artistar med hyppig rotasjon på radio og konsertar på dei største festivalane. – Eg var sjølv til stades på Kvammens konsert i 2013, og skjønte raskt at han kom til nå langt, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld som forventar eit ganske mykje større publikum denne gongen.

 

Fengande melodiar og underfundige tekstar

Daniel Kvammen veks opp på Geilo og syng alle låtane sine på dialekt. Med ”Fremad i alle retninga” presenterte Kvammen seg med eit imponerande heilstøypt og emosjonelt lada debutskive med fengande melodiar og underfundige tekstar med eit snev av melankoli. Låta ”Du fortenar ein som meg” sette tonen med like delar ungdommeleg driv og bråmodent tekstinnhald, og vart A-lista på NRK P3. Plata fekk for øvrig strålande mottaking, med terningkast 5 frå mellom andre Aftenposten, Dagsavisen, Adresseavisen, NRK P3 og Dagbladet. Ein konsert med Daniel Kvammen vekslar mellom å vere eit feststemt fyrverkeri og det lågmælte og intense, noe han har vist gong på gong  på Noregs største festivalar og spillestader gjennom 2014 og 2015.

 

Strålande fredagskveld på Kroa

Daniel Kvammen kjem inn som erstattar for folkrock-duoen Revolver som diverre har måtte melde avbod.  I tillegg til Daniel Kvammen vil publikum kunne få oppleve Monica Heldal og Atlanter. Alt ligg til rette for ein strålande fredagskveld på Kroa i Bø i følgje festivalsjefen. – Her får publikum servert tre av landets flottaste artistar på ein og same kveld. Dette er ikkje noko å lure på ein gong, konkluderer Mosfjeld.

 

Billettar i sal no via Gullbring kulturanlegg! 

 

Kommenter innlegget