Bombino kjem til Bø!

Bombino (Niger)

Bombino, eller Omara Moctar som han eigentleg heiter, er frå Agadez i Niger og har alt fått kultstatus som gitarist innanfor Saharabluesen. Han og bandet høyrer til den same musikktradisjonen som Tinariwen, altså Tuaregfolket, og kjem til Bø i juil med musikk inspirert av heile Vest-Afrika.

Bombino og familien hans måtte flykte til Algerie etter utbrotet av Tuaregopprøret i 1990, og der kom ikkje attende til Agadez før 1997. I 2007 vart det ulovleg å spela gitar i Niger etter at myndighetane fann ut at gitaren var eit symbol for opprørarane i Tuaregfolket. To av medmusikantane til Bombino vart likvidert, så Bombino flytta atter ein gong i eksil, denne gong i Burkina Faso. I Burkina Faso vart han oppdaga av filmskaparen Ron Wyman, som hadde høyrt ein kassett med Bombino og bestemte seg for å finne han. Det gjorde han og overtala Bombino til å spela inn musikken sin skikkeleg – i studio, noko som resulterte i plata «Agadez» som kom ut i april 2011 og toppa worldlistene til iTunes med ein gong. Ron Wyman regisserte også filmen «Agadez, the music and the Rebellion» i 2010.

I 2010 flytta Bombino attende til Agadez der han no bur. Telemarkfestivalen er stolte over å kunne presentere ein verdsartist med bandet sitt i programmet for 2012. Ørkenblues på Skogen Gard!

Kommenter innlegget