Wilhelmsen, Heilo og Karlsen

Fargerike og sprudlande damer

Den fargerike trioen beståande av Unni Wilhelmsen, Solveig Heilo og Hanne Mari Karlsen gjorde sin første konsert i lag på Gamle Ormelet på Tjøme sommaren 2013. Dette er visuelle damer med «trøkk» og sprudlande spilleglede – som leverer unike, handplukka og framfor alt handskrive låtar. Unni sørgjer for velkjende songar frå ei rikhaldig karriere, Solveig leverer heilt nye låtar for anledninga, og dei har også nokre feite coverhitlåtar på repertoaret. Dei tre bestevenninnane trakterer til saman eit tosifra tal instrumentar, og stemmane går saman i høgare einskap i lag med hjartevarm humor. Dei samanliknast gjerne med namn som Simon & Garfunkel, First Aid Kit, Nick Drake og Bon Iver – men aller mest er dei Unni Wilhelmsen, Solveig Heilo og Hanne Mari Karlsen!

 

Medverkande:

Unni Wilhelmsen –ein heil haug med instrument

Solveig Heilo – ein heil haug med instrument

Hanne Mari Karlsen – ein heil haug med instrument

 

Wilhelmsen, Heilo og Karlsen

Laurdag 29. juli 2017

Gullbring Amfi, ca. kl. 20:00

 

Billettar i sal via Gullbring kulturanlegg.

Filmer

Kommenter innlegget