Raabygg

Folkemusikk frå indre Agder

Raabygg består av tre musikarar med felles interesse for både hits og bortgøymde låtar frå Agder. Med hardingfeler, song og harpeleik tek dei fatt i gamle melodiar og arrangerer desse intuitivt. Kjernerepertoaret til Raabygg er folkemusikk frå Råbyggelaget, som er ei gammal nemning for dei indre bygdene på Agder. Musikken har eit stort spekter, og gruppa tek føre seg gangarar, springarar, brureslag, bånsullar og all slags runddans. I den eine augneblinken spelar gruppa forrykande rilar, medan dei i den neste syng ein dyster brureslått acapella. Dei siste åra har Raabygg spelt mange konsertar rundt om i landet og vore å finne på mangt eit festivalprogram. Under Landskappleiken i Vågå i 2016 vann dei Open klasse og fekk med det innpass i Den norske opera og ballett på meisterkonsert påfølgjande haust. Det markerte slutten på lanseringsturneen for debutalbumet «Ein etter far» som kom ut i oktober.

 

Medverkande:

Johanne Flottorp – hardingfele, vokal

Tuva Færden – hardingfele, vokal, lyre

Sigrid Kjetilsdotter Jore – harpeleik, vokal, munnharpe

 

Det vil vere mogleg å oppleve Raabygg ved fleire høve under festivalen…

Billettar i sal no via Gullbring kulturanlegg.

Kommenter innlegget