PolkaBjørn og Kleine Heine

Kompromisslaus jodling og trekksprell

Ei deltaking på Jodlerfest i Huttwil, Sveits, sommaren 2007 resulterte i duoen Polkabjørn & Kleine Heine. 10 år seinare har dei nok sine beste år bak seg, med konsertar for både konge, utenriksministar og fillefrans, samt blitt stjerner i ein NRK-dokumentar om seg sjølve. Dei har òg rukket å bli kjent som kanskje det mest usannsynelege oppvarmingsbandet i nyare tid, med oppvarmingsjobbar for både A-ha, Mods, Deana Martin, Katzenjammer og Ski-VM 2011 i Oslo. Virtuosen Kleine Heine er kjent som trekkspillets svar på Matti Nykänen, utsvevande og god med kniv. Polkabjørn er ikkje berre Nord-Europas beste jodlar, men har også blitt ein anstendig strupesongar etter å ha gått i lære i tjukkaste Mongolia hos den verdskjende strupesongkvartetten Huun-Huur-Tu. Polkabjørn & Kleine Heine vil by på kompromisslaus jodling, tysk undergangsmusikk frå 30-åra, angloamerikansk populærmusikk, Jens Book Jensen og smakebitar frå det lenge venta debutalbumet ”Apolkalypse nå!”. Med ein musikk som tærar på både musikarar og publikum har dei toppen eit par gode år igjen. Gå derfor ikkje glipp av sjansen til å oppleve dei live på Telemarkfestivalen – for anledninga forsterka med ein operasongar!

 

 

Medverkande:

PolkaBjørn – jodling, strupesong

Kleine Heine – trekksprell

Hallvard Djupvik – song i særskild høge toneartar

 

PolkaBjørn og Kleine Heine

Laurdag 29. juli 2017

Framstugo, Gullbring, ca. kl. 23:30

 

 Billettar i sal via Gullbring kulturanlegg. 

 

Filmer

Kommenter innlegget