Plateslepp: Stian Dalen

Lokal trubadur UT av Gutterommet! 

Stian Dalen er ein musikar og låtskrivar frå Bø i Telemark. Han har i mange år spelt freelance i lag med ulike band og artistar som Ugras, Ni liv, Byting og Emil Solli Tangen. Stian kjem nå ut med sin første soloplate som har fått namnet «Gutterom». Om dette er innanfor vise-, folk-, eller singer songwriter- sjangaren får vere opp til øyret som høyrer, men at det er innanfor dette landskapet er sikkert. Musikken er variert og inneheld alt frå melankoli til meir lystige og stemningar. Tekstane er lavtsvevande skildringar av kvardagslege karakterer, som til dømes han som sit heime og ventar på at drøymedama skal dukke opp, ein kar i midtlivskrise som kler seg ut som superhelt når kjerringa er vekk, eller han som hamnar tilbake på gutterommet der alt er som det alltid har vore.

Medverkande: 

Stian Dalen – vokal, gitar

Jon Solberg – banjo og fele

Jan Birger Akkerhaugen – gitar

Knut Olav Sandvik – kontrabass

Jostein Rørmark – trommer

 

Stian Dalen

Torsdag 27. juli 2017

Fjoset, kl 21:00

200,- + bill.avg.

 

Filmer

Kommenter innlegget