Øyonn Groven Myhren & Odd Nordstogas «Nivelkinn»

Ønskjereprise

«Nivelkinn» er ein eigen diktsyklus i Aslaug Vaas debutsamling «Nord i leite» fra 1934. Det er eit trekantdrama lagt til Nivelkinn, eit fantasirike som har klare geografiske og språklege likskapstrekk med diktarens oppvekst i Kviteseid. Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga har i sitt arbeid gitt Aslaug Vaas diktsyklus ei musikalsk drakt. Til dei gamle tekstane har dei to først og fremst laga folkemusikkinspirert musikk, men på plata finnes også musikk som ligg meir i «crossover»-landskapet. Dermed skulle både plata og konserten appellere til eit breitt publikum. Platelanseringa resulterte i Spellemannpris eitt år etter suksessframføringa på Telemarkfestivalen 2001. I fjor haust blei Nivelkinn satt opp att på Riksscenen i Oslo med tre utselde framsyningar.  I år kjem verket endeleg heim att til Telemarkfestivalen.

 

Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga med Spellemann-pris i 2002. Foto: Kjell Bitustøyl

Medverkande:

Øyonn Groven Myhren – vokal, lutt

Odd Nordstoga – vokal, gitar, trekkspel

 

«Nivelkinn»

Laurdag 29. juli 2017

Gullbring, Storsalen, kl. 17:00

300,- + bill.avg.

 

Billettar i sal no via Gullbring kulturanlegg.

Kommenter innlegget