Odd Nordstoga

«Vil du vere med til Bø og gjera nokre sprell i kveld?»

Odd Nordstoga, fødd i 1972 og oppvaksen på garden Plassen i Vinje, slo stort gjennom då han i 2004 gav ut plata Luring. Det er no gått eit drøyt år sidan albumet ”Dette Landet” kom ut til strålande kritikkar. Med låtar som ”Kunsten å gå”, ”Diesel og Bensin” og ikkje minst tittel-låta ”Dette Landet”. Den gongen sa Odd sjølv: «Eg har aldri vore så nøgd med ei innspeling før, og eg brenn etter å få det ut. Brenn etter å spela det for folk. Så dette, dette kan aldri gå bra. Det må vera noko eg ikkje har tenkt på …». I 2017 peikar Odd på at denne plata er ein av hans største suksessar til no med fulle hus og stormande jubel nær sagt overalt! I 2016 gjorde Odd ein heimekoseleg variant, der han spelte inn eigne favorittar på plate heime hos seg sjølv – og den akustiske plata fekk sjølvsagt namnet, «Aleine heime».

 

Telemarkfestivalen og Bø likar Odd Nordstoga, og Odd Nordstoga likar Telemarkfestivalen og Bø. Så mykje at han faktisk har skrive ein eigen song om Bø. Det er difor veldig stas kunne ønskje Odd Nordstoga med band velkommen attende til Telemarkfestivalen for ein konsert med mykje sprell!

Medverkande:

Odd Nordstoga – vokal, gitar, trekkspel

David Wallumrød – orgel

Tor Egil Kreken – bass

Torstein Lofthus – trommer

Øyvind Blomstrøm – gitar

 

 

Odd Nordstoga

Laurdag 29. juli 2017

Gullbring, Amfiet, kl. 22:00

 

Billettar i sal no via Gullbring kulturanlegg.

 

Filmer

Kommenter innlegget