Jon Anders Halvorsen: «Langsmed Straumen»

Ei musikalsk reise langsmed Straumen!

Straumen er den delen av Telemarkvassdraget som renn frå Flåbygd til Vrangfoss. I denne konserten får me høyre nylaga viser som er dikta på bygdemålet som blei bruka langsmed Straumen i 1930-åra. Jon Anders Halvorsen som vaks opp i Lunde, har dikta visene. Han er ein kjennar av kvedartradisjonen i Telemark. Visene er personlege og relevante for menneske i dag og hentar inspirasjon frå stev- og visetradisjonen i Telemark. Innhaldet spenner frå det lyse og positive til det ettertenksame og stemningsfulle. Menneskets nærleik til naturen er eit sentralt tema. Det musikalske uttrykket ligg i grenseland mellom kveding og visesong. Med seg på konserten har han sin musikalske ven gjennom 15 år og gitarekvilibrist Tore Bruvoll, samt Anders Røine, Sondre Meisfjord og Christian Svensson.

Medverkande:

Jon Anders Halvorsen – song, gitar, dulcimer

Tore Bruvoll – gitar, piano

Anders Røine – langeleik, gitar, munnharpe

Sondre Meisfjord – bass

Christian Svensson – perkusjon

 

Jon Anders Halvorsen: «Langsmed Straumen»

Fredag 28. juli 2017

Kinosalen, Gullbring, kl. 21:00

250,- + bill.avg.

 

Billettar i sal no via Gullbring kulturanlegg! 

Kommenter innlegget