Kjorstad Brothers med Anders Røine

Brør med ei moderne tilnærming til det tradisjonelle

Hans og Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron er to unge og markante felespelarar i det unge folkemusikkmiljøet i Noreg. Til brør å vere har dei to ganske ulike musikalske bakgrunnar, men i denne duoen samarbeider dei om ein felles ide om å spele fantastisk folkemusikk og springleikar og hallingar, samt ein og annan vals, vert framført i gnistrande samspel. Duoen eksperimenterer med harmonikk, rytmikk, og melodiliner som både arbeidar med og mot kvarandre, eller i fjellstø unison. I slutten av oktober 2016 vart debutplata med det eksotiske namnet «Pusinshi Ulla», lansert. Den er eit resultat av lang tids arbeid med å utforme lokale låtar frå Fronsbygdene med eit personleg og utfordrande språk. Samstundes har brørne gjennom studiar og samspel med andre musikarar opparbeidd seg ein stor lydpalett med meir moderne musikalske element og bruk av utradisjonelle virkemiddel. Ein av desse musikarane er Anders Røine frå Bø som òg var produsent for debutplata, og som òg vil bidra på denne konserten.

 

Medverkande:

Hans P. Kjorstad – fele

Rasmus Kjorstad – fele

Anders Røine – langeleik, munnharpe

 

 Kjorstad Brothers med Anders Røine

Fredag 28. juli 2017

Framstugo, Gullbring, ca kl. 23:15

 

Billettar i sal no via Gullbring kulturanlegg! 

Filmer

Kommenter innlegget