Gulaza

Usannsynleg vakker musikk frå Jemen

Jemen og Afrika er skild av eit hav. Eit hav av bøn, lidenskap, dans, kjærleik og lengsel etter fridom. Gulaza er fire musikarar som har kome saman for å fortsetje den naturlege utviklinga av tradisjonelle jemenittiske kvinnesongar. Dette er instinktive og mystiske tekstar som har gått frå mor til dotter i fleire generasjonar. Gulaza tilførar ein moderne og tidsriktig meining til desse songane i en særeigen og vakker instrumental komposisjon. Kombinasjonen der dei tradisjonelle songane møter strenger frå Sahara, cello og akustiske gitarar, og det faktum at songane for første gong er sunge av ein mann – skaper eit unikt og vakkert lydbilete som tar lyttaren inn i den djupe verda til kvinner i Jemen.

 

Medverkande:

Igal Mizrahi – vokal, perkusjon

Ben Aylon – perkusjon og Djeli N’goni

Ian Aylon – gitarar

Hilla Epstein – cello

 

Gulaza

Laurdag 29. juli 2017

Storsalen, Gullbring, ca kl. 21:00

 

Billettar i sal via Gullbring kulturanlegg no. 

Filmer

Kommenter innlegget